søndag 2. juni 2013

Den evinnelige prøvelappen....

Nok ein gang opplever eg å bomme på størrelsen på eit strikkeprosjekt. Eg begynner etterkvart å innsjå at å strikke ein prøvelapp kan vere lurt. Trur eg har gjort det ein gang i løpet av min strikkekarriere, men heretter vert det oftere!
Denne gangen begynte eg på ein Bella Baby top. Eg endte opp med å bruke Sandnes mini duett sidan eg hadde det i garnlageret mitt. Ifølge oppskrifta skulle det passe greit til pinnestørrelse 3, så eg la opp og begynte å strikke i god tru!
Etter å ha strikka heile mønsteret på toppen såg eg at den kom til å bli ALTFOR STOR! Eg kunne jo berre valgt å strikke den litt lenger og dermed lage ein størrelse større. Men sidan garnet er frå garnlageret og eg berre har to nøster var eg redd det kom til å bli for lite... Så kva gjer ein då? Jo, rekk opp igjen alt sammen...




....og begynner på ein prøvelapp... Alt som skulle til var å gå ned ein pinnestørrelse.




Så då er det vel berre til å starte på nytt..... :p
Heldigvis er det ikkje tidsfrist på dette då det er eit "berre-MÅ-lage-for-den-er-så-fin-prosjekt"!



Fleire der ute som ikkje gidd å strikke prøvelapper?  ;)

3 kommentarer:

  1. Kjedelig når sånt skjer! Jeg har ikke strikket en eneste prøvelapp ennå, men har hatt flax så langt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja då har du vore skikkelig heldig! Eg tar vel kanskje litt for mange sjanser med å velge andre typer garn enn den som står i oppskrifta... ;)

      Slett
  2. Eg har aldri strikka ein prøvelapp før, men så eksperimenterer eg ikkje så voldsomt med ulike garntyper heller. Kjedelig at du måtte rekke opp igjen det du hadde strikka..

    SvarSlett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)