torsdag 2. mai 2013

Strikkevest

 
I høst vart eg som kjent tante til ein nydeleg liten gutt. Det var ingen som visste kva det kom til å bli og sidan dei har to gutter frå før var håpet stort for at det skulle vere ei jente denne gangen. Pga dette tok eg ein sjanse på å strikke i rosa. Då det viste seg å vere gutt vart eg veldig usikker på kva eg skulle lage. Dei hadde jo rikelig med guttekler frå før. Så etter ei stund vart me enige om at ein vest kunne vere bra. Det er jo veldig anvendelig både til kvardag og fest! :)
 
 
 
 
Valget fall på vesten frå DROPS. Denne har eg strikka mange ganger, både til venninner sine små og til Olliver. Den er egentlig kjapp å strikke, men det eit herk å plukke opp maskene rundt ermene, halsen og knappeåpningen bak. Har sagt til meg sjølv at NO er det siste gang, men eg lager den om igjen og om igjen.. Syns den er så fin! ;)
Nok ein gang valgte eg å bruke den nydelige sjøgrønne fargen, men no vart den brukt etter ønske frå svigerinna mi! Tydeligvis fleire som liker den... ;)
 

 
 
I helga reiste me til Oslo i barnevelsignelse, så då vart vesten gitt. Den vart veldig godt mottatt, dei endte faktisk opp med å ha den på i barnevelsignelsen! *Stolt tante* :)
Så gjenstår det å sjå om det vert laga fleire.....
 
 
 
Oppskrift: DROPS
Garn: Lanett frå Sandnes Garn
Pinnestr: 2,5 og 3
 
 
 
Ha ein fortsatt fin dag! 

4 kommentarer:

  1. Den er så nyyyydelig den vesten! Den du strikka te Nicolai brukte eg så mye eg kunne før den ble for liten. Så om du sku synes at den e mindre herk å strikke igjen, kan du gjerne ta imot bestilling på to til:) Du e så flink Marilen, stå på!

    -Silje

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk fro det søte du! :) Når ein får så gode tilbakemeldinger er det jo fristende å strikke fleire... Kanskje det plutselig dukker opp eit par til! ;)

      Slett
  2. Ååå den vesten var kjempefin!

    SvarSlett
  3. Tusen takk for det! Nokke for Mariusgutten kanskje? :)

    SvarSlett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)