torsdag 25. april 2013

Strikkepinneetui

 
Då har eg endeleg tatt i bruk den nye symaskina! Det første prosjektet vart eit strikkepinneetui, så no skal det bli orden på strikkepinnene!! Eg har forsåvidt hatt ein viss orden på dei til no med at dei har fått ligge i originalembalasjen oppi ei korg, men dette er jo mykje meir praktisk! Enkelt å finne fram og alt ligg sortert og i rekkefølge etter størrelsen på pinnene. Veldig greit for sånne som meg som liker orden og oversikt.. ;)
 
 


Oppskrift og framgangsmåte til etuiet fann eg gratis på Pickles. Stoffet vart kjøpt på Stoff&Stil, og eg må berre innrømme at eg har forelska meg heilt i desse polkadottstoffene!! Skikkelig søte!
Eg ser no i etterkant at sømmene vart litt skeive og som vanlig klarte eg å gjere ein aldri så liten feil. Eg var så ivrig at eg sydde over lomma både oppe og nede (skulle berre sy nede) når eg skulle dele det inn i ulike rom, men men, det gjer forsåvidt ikkje så mykje... ;)
Ein liten ekstrafinesse eg valgte er blondene på lomma nede, berre for å gjere det heile enda meir sukkersøtt. :p


  
 
No mangler eg berre ein liten borrelås eller trykknapp (har ikkje heilt bestemt meg...), så er det ferdig. Dette var eit kjapt og enkelt prosjekt, så trur kanskje eg må lage fleire.. ;)




Tidlegare i veka var eg innom ein av mine mange strikkebutikker og som alltid gjekk eg ikkje tomhendt ut igjen... Det som vart med denne gangen var ein liten neve med søte knapper. Dei hadde ei korg med resteknapper til 50øre (!) per stykk og eg klarte ikkje å dy meg. Du tenker kanskje at det ikkje er så praktisk med ein av kvar knapp, men eg tenker dei kan gjere seg fint som pynt på strikkeplagg eller til scrapping. Søte var dei i alle fall! :)
Det andre som havna i posen var strikkehefte Babystrikk på pinde 3 av Lene Holme Samsøe. Dette har eg sikla på lenge, så no var det på tide å kjøpe det! Med andre ord: eg blir ikkje arbeidsledig med det første.... ;)


 


 
 
På pinnene har eg for tida nok ei barselgåve. Denne skal eg ikkje gje vekk før om eit par månader, så kva det er får eg komme tilbake til. Men at det er til ei lita jente er vel ganske tydeleg... ;)
 




 
Ønsker deg ei super helg!! (Jepp, eg har tatt helg allerede...)

4 kommentarer:

  1. Så bra det ordna seg med saumen. Du er flink, skulle ønske eg fann litt tid til slikt, men akkurat no får det vente ;-)

    SvarSlett
  2. Kjempefint strikkepinne-etui :) Polkadots stoff er stilig!

    SvarSlett
  3. Flott strikkeetui! Jeg sydde et slikt til min mamma for noen år siden, nå ble jeg jammen inspirert til å sy ett til meg selv også :-)

    SvarSlett
  4. Takker! Veldig fornøyd med at det endelig er skikkelig orden på pinnene.. ;)

    SvarSlett

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)