tirsdag 22. januar 2013

Hekla dåpskjole

 
 
Det blir fortsatt ikkje gjort så mykje på handarbeidsfronten, då skuldre og nakke endå er litt kranglete. Heldigvis har antibiotikakuren gitt resultat i forhold til bihulene, så då håper eg at resten av kroppen følger etter snart... Inntil det skjer legg eg ut litt av det eg allerede har laga. :P
 
Lenge før babyfeberen satte inn fann eg ein dåpskjole som eg berre MÅTTE lage til mine framtidige barn. Eg hadde ganske nylig lært meg å hekle, så det var kanskje litt ambisiøst å gå rett på ein dåpskjole. (Spesielt når det er feil i oppskrifta...). Men eg lærte underveis og heldigvis hadde eg god tid... ;)
Må jo sei at eg var veldig glad for at det var gjort før eg vart gravid, for då hadde eg jo ein HAUG med andre prosjekt!!
 
 
 
 
 
 
 
 
Eg måtte hekle ei ny hue då Olliver var litt stor i hovudet, men ellers passa kjolen perfekt! Underkjolen vart sydd veka før dåpen, med god hjelp frå mamma. Den er sydd i silkesateng, eit forferdelig stoff å sy med!!! Det lever verkeleg sitt eige liv! Blir nok ikkje sydd så mange fleire plagg med det stoffet... :p Men alt i alt vart eg veldig fornøgd med resultatet.
Håper at den snart kan takast i bruk igjen. ;)
 

 
 
 
 
 
Oppskrift: Sandnes Garn (9803)
Garn: brukte Baby bomull frå Spar Kjøp
Heklenål: nr 2,5
Garnmengde: står 600g i oppskrifta, men trur eg brukte litt meir..
 
 
 
Ha ein finfin kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)