lørdag 29. desember 2012

Romjulsaktiviteter

Jul og romjul har bestått av ein del jobbing for min del, men dagene eg har fri eller skal på seinvakt har blitt nytta fullt ut! Det såg lenge ut til at me ikkje skulle få noko snø i jula, men 2.juledag på kvelden lava det ned. Gleda var stor når lillegutt såg at det var kvitt ute. Så då var det berre til å kle seg og komme seg ut. Han var ikkje så interessert i det nye akebrettet han fekk til jul, men det var stas å lage snøballer og snømann. Utruleg nok fins det no "snømannpakker" ein kan kjøpe. Dei inneheldt hatt, skjerf, knappeauger, pipe og gulrot i stoff. Dette har bror min fått med seg og sjølvsagt handla inn. Gjorde seg godt på den flotte snømannen! :)
Utebilene, bøtter og spader vart òg henta fram, så terrassen vart fort omgjort til bilbane. Og mens Olliver kjørte med bilene laga eg og niesa mi den klassiske snølykta. Når det var tid for meg å reise på seinvakt nekta lillegutt å bli med inn. Han skulle vere UTE! Er ikkje så vekdig ofte me har snø, så eg forstår han godt. Heldigvis var besten klar til innsats og var ute med han ei lita stund til... ;)
 
 
 


Bror min og Rayner har gjort ein innsats for neste års vedforsyning. Utanfor mamma og pappa har det vokst opp ein haug av små tre dei siste åra, så no var det på tide med ei opprydning. Greit med litt fysisk aktivitet etter all den gode julematen! ;)

 
 
Snøen varte desverre ikkje så lenge denne gangen heller, så medan regnet auser ned ute har me kost oss inne. Olliver fekk ei stor bøtte med plastelina og diverse figurer av kompisen sin til jul, så i dag var det tid for å åpne den. Slanger er ein hit for tida, så det vart laga slanger i alle lengder og fasonger. Han syns det er så gøy å gå rundt å "skremme" oss med dei: "ssssssssss" komme ta deg!!! ;)
 
 
 
 
Når Olleboll har lagt seg for kvelden er det tid for spel og avslapping. Det siste året er det "Dominion" som har stått høgast i kurs her i familien. Spelet består kun av ulike typer kort, ingen brikker eller terninger. Det som er så gøy er at du kan endre spelet frå gang til gang alt etter kva kortbunker du velger å ta med. Litt vanskelig å forklare, men har du ikkje prøvd det så kan eg absolutt anbefale det! :) Niesa mi på 11 er ein skikkelig racer, så det passer dei fleste aldre.


 
 
Til slutt må eg berre ta med et bilde av boka eg fekk av venninna mi til jul. Denne boka er stappa med inspirerende prosjekter! Det eg liker spesielt godt er at ein ikkje treng å handle inn mykje dyrt utstyr. Her er det fokus på gjenbruk og det er enkle prosjekt som ikkje tar så lang tid. Forfatteren har henta inspirasjon frå diverse blogger som ho refererer til i boka. Blir nok ein del blogglesing framover.... ;)

 
 
Gleder meg veldig til å ta fatt på nye spennende prosjekt i 2013!! :)
 
 
Ha ein fortsatt fin lørdagskveld! Her er det snart tid for heimelaga pizza! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Veldig koselig om du legger igjen et lite spor! :)